Hos Vossakjøt tilbys pinnakjøt med smaken av vestnorsk natur, signaturretten smalahove, hakk i poto, steikjepølse og anna tradisjonsmat frå Voss.
Hos Vossakjøt tilbys pinnakjøt med smaken av vestnorsk natur, signaturretten smalahove, hakk i poto, steikjepølse og anna tradisjonsmat frå Voss.
PINNAKJØT med smaken av vestnorsk natur
Tradisjonsrik, vestnorsk festmat i urøykt versjon. Utsøkte lammesider lakesalta og tørrsalta i ryggen. Ingen unødvendige tilsetjingsstoff – her er det den opphavlege kjøtsmaken som gjeld. Se oppskrift nederst på siden.
Smalahove
Sjølve signaturretten frå Voss. Tradisjonelt brukt som kvardagsmat; I dag delikatesse og festmat – og manndomsprøve for nokon. Svidd, lakesalta og eldhusrøykt.
Hakk i poto
Lokal spesialitet, fastfood på Vossavis. Hakkasteik, baktpote, raudlauk.
Steikjepølse
Steikjepølsene frå Vossakjøt inneheld mykje kjøt og lite salt. Det framhevar den opphavlege smaken av gode råvarer. Steikjepølsene frå Vossakjøt er av beste kvalitet i tospann med ei passe temperamentsfull krydderblanding. Dei har ein unik balanse mellom kjøt, krydder og røyksmak. Ei pølse med passe sting i – ei saftig smaksoppleving.
Urøykt pinnakjøt - med smaken av vestnorsk natur.
Tradisjonsrik, vestnorsk festmat i urøykt versjon. Utsøkte lammesider
lakesalta og tørrsalta i ryggen. Ingen unødvendige tilsetjingststoff -
her er det den opphavelege kjøttsmaken som gjeld. Legg i vatn 6-8 timar
før koking. Kvar pinne kan snittast med kniv på tvers i kjøttsida av
pinnen (som å rute svoren på ribba)
Kokast på rist - helst av bjørkepinner utan never. Det er viktig at det kokar ganske kraftig. Mykje damp gir mørt kjøt. Pass på å etterfylle med vatn, gjerne kokande vatn for å behalde varmen i gryta. Eit godt tips er å legge eit stort matpapir på toppen av kjøtet (under lokket). Dette får dampen til å kondensera og renne ned att i gryta. Faren for tørrkoking vert redusert. Og ein behald meir damp i gryta. Kokast til kjøtet losnar frå beina. Når du letter på lokket, kjenner du den makelause dufta som har gitt vestlendingar vatn i munnen i hundrevis av år. Bruk gjerne sjyen som saus!